Podcast Fra Kompetanse Norge

Veilederforum-podden: Berekraft og karriereveiledning – del 2

Informações:

Sinopsis

Kva for berekraftsmål er dei viktigaste for karriererettleiarar å kjenne til i arbeidet sitt? Og korleis kan karriererettleiarar rettleie vegsøkarar til berekraftige val? I del to av poddkast-episoden Berekraft og karriererettleiing møter vi professor Tristram Hooley. Berekraft er eit tema som i aukande grad vert diskutert i karriererettleiingsfeltet. Det er tema både på Nasjonal karriererettleiingskonferanse 6.–7. november, i ein artikkelserie på Veilederforum.no og på ei rekke andre fagdagar, webinar og arrangement som arrangerast rundt om. Det er ofte miljøperspektivet og grøn rettleiing som vert løfta fram, men FN sine berekraftsmål består av til saman 17 mål, som utgjer verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Mange offentlege karrieretenester er allereie forplikta til å oppfylle berekraftsmåla gjennom ulike styringssignal, men korleis kan dei ulike karrieretenesta eller den einskilde karriererettleiaren bidra til arbeidet med å nå berekr