Podcast Fra Kompetanse Norge
Kva er meiningsfulle val?
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editor: Podcast
- Duración: 0:32:33
- Mas informaciones
Informações:
Sinopsis
Målet med karriererettleiing blir definert i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing som at menneske blir betre i stand til å handtere overgangar, og til å ta meiningsfulle val knytt til utdanning, læring og arbeid gjennom livet. Men korleis veit vi at noko gjev meining? I denne podkast-episoden snakkar vi med førsteamanuensis i karriererådgjeving og rådgjevingsvitskap ved Institutt for pedagogikk og livslang læring på NTNU, Hannah O. Svennungsen. Svennungsen var den første som tok doktorgrad innan karriererettleiing, med doktorgraden «Making Meaningful Career Choices. A Theoretical and Q-methodological Inquiry» i 2011. Ho forskar primært på karriererettleiing for vaksne, og er spesielt oppteken av meining og kva det er som er meiningsfylt i karrierane til menneske, og korleis karriereval, karriereutvikling og karrierelæring kan forståast og får innverknader på menneska sine liv. Svennungsen er også oppteken av korleis ein kan jobbe for at utsette grupper kan bli inkluderte i arbeidslivet og utdan