Podcast Fra Kompetanse Norge

Veilederforum-podden: Karriererettleiing og kjønnsutradisjonelle utdannings val

Informações:

Sinopsis

Korleis kan karriererettleiing bidra til kjønnsutradisjonelle utdanningsval? Er det i det heile teke noko karriererettleiarar bør vere opptekne av, og på kva måte kan du jobbe med dette i din eigen praksis? Noreg har ein av verdas mest kjønnssegregerte arbeidsmarknader, der nokre fagområde er meir prega av kjønnstradisjonelle utdanningsval enn andre. Jenter er sterkt underrepresenterte innan realfag og tekniske fag, medan det er svært få gutar innan helse- og omsorgssektoren, både i utdanningsløpet og på arbeidsmarknaden. Det finst ei rekkje tiltak for å motverke kjønnstradisjonelle utdanningsval. Desse er ofte drive av lokale eldsjeler og gjennomførte i relativt liten skala. Jamvel om likestilling er ein breitt akseptert idé, kan det likevel vere utfordrande å etablere aktive praksisar for implementering.   I Kvalitetsrammeverket er det utvikla både Kompetansestandardar for karriererettleiarar i skulen og Kompetansestandardar for Utdanningsvalslæraren. I begge desse vert det peika på at sosiokulturelle tilhø