Bobcast

Akademisk Lunsj - Er ytringsfridom eit allmenngyldig prinsipp?

Informações:

Sinopsis

Foredrag med Gunnar Skirbekk. Er ytringsfridom eit allmenngyldig prinsipp? Eller berre ein vestleg verdi, i ei globalisert verd prega av kulturelt mangfald og geopolitiske spenningar? Eit velkjent og stridig tema, i mange samanhengar – jf striden om karikaturane i Jyllandsposten. Derfor, to spørsmål: - I kva forstand er det mogleg å grunngi ytringsfridom som eit allmenngyldig prinsipp, forpliktande for oss alle, alle vi som lever i dag, i dagens kriseramma samfunn? - Og i så fall, kva for grep må til for å styrke ein open og opplyst ytringskultur, mellom anna med brodd mot ‘fake news’ og manglande opplysning? Gunnar Skirbekk, professor em. i vitskapsfilosofi ved UiB, tar utfordringa. Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek, HVL og NHH.