Folk & Dyr

Mellom Fjordfolk og Havdyr - Live Radio fra Førdefjorden

Informações:

Sinopsis

Mellom Fjordfolk og Havdyr - Live Radio frå Førdefjorden Opptak frå Fjordbutikken i Vevring, 16. september, 2023. Kva er eigentlig verdien av ein fjord? Folk & Dyr har vitja den vakre bygda Vevring ved Førdefjorden og lytta til livet både over og under vatn. Høyr korleis Marit som vokste opp ved fjorden, fekk kjolen full av brisling og kva Nordsjøarbeidaren Dag Tore får i garnet. Kanskje får vi og vite kva krabbane seier og kven som er det eigentlige monsteret? Vevring ligg ved den delen av Førdefjorden der avfallet fra gruva i Engebøfjellet skal deponerast og episoden er laga rett før Fjordsøksmålet starta i Oslo tingrett. Mellom Fjordfolk og Havdyr var ein del av Vevringutstillinga 2023, og er støtta av Biletkunstnaranes Vederlagsfond.