Bobcast

Barn & bøker: Halloweenspesial

Informações:

Sinopsis

Det nærmar seg Halloween, så vi unner oss å høyre første episode i serien ein gong til, for å dele våre aller beste skumle leseopplevelsar med deg og dine barn! Vi snakkar om kvifor det er så gøy med skumle bøker, om kva for ein nifs klassikar som framleis ruvar på toppen av pallen når det gjeld spenningsbøker for barn - og ikkje minst, to av barnebibliotekarane våre gir deg sine aller beste kvalitetssjekka lesetips for barn i alle aldersgrupper som vil kose seg med ei nifs bok i mørke haustkveldar.