Bobcast

#170: Akademisk lunsj - Bokproduksjon i Bergen i mellomalderen

Informações:

Sinopsis

I år er det 500 år sidan dei første norske bøkene blei trykt. I dette føredraget får du høyre professor Åslaug Ommundsen snakke meir om Bergens eldste bokhistorie. Bergen var i mellomalderen ein by for bøker: oppbyggelege tekstar, litteratur for underhaldning, bibelske bøker og messebøker på latin. I år markerer me jubileet for dei første norske trykte bøkene, også desse på latin. Dei blei trykte i 1519 for bruk under messe og tidebøner. For kyrkja var skrift og bøker sjølve fundamentet, og bispeseta var viktige for både produksjon og distribusjon av bøker. I Bergen blei det produsert bøker for hand i meir enn 400 år før trykte bøker entra scenen. Korleis såg mellomalderhandskriftene ut, og kven var det som sat med penn i hand? Akademisk lunsj arrangeres i samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Norges Handelshøyskole.