Bobcast

#152: Arbeidarlitteratur - Seksualitet og klasse

Informações:

Sinopsis

I romanen «Den som henger i en tråd» frå 1935 utforskar Nini Roll Anker kvifor ugifte arbeidarklassekvinner opplevde livsfarlege og illegale abortar som den beste løysinga. I dette foredraget ser me på ein sterk roman som viser oss at kvinners seksualitet og klassesituasjon er tett knytt saman. «[D]et koster to hundre og femti kroner hos de fine [...] Ladi, svarte Gyda, hu tar en flaske konjakk for det» (1935:134). Ingrid Nestås Mathisen disputerer i vår på ei avhandling om Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals arbeidarlitteratur. No jobbar ho som høgskulelektor ved NLA høgskolen.