Bobcast
#143: Arbeidarlitteratur - Arbeidarkroppen
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editor: Podcast
- Duración: 0:34:17
- Mas informaciones
Informações:
Sinopsis
Kva kan kroppsskildringar i litteraturen fortelje oss om arbeidarklassen?I Noreg har arbeidarlitteraturen eit gjennombrot kring 1900, og skildrar kvinner og menn i krevjande kroppsarbeid. «Eg har daa nevar, hehe! Han ser paa dei store faste nevane sine, dei er harde og rovlute av trælar i handloven. – Blir nok nevane som maa ta i, skal ein naa fram til pengane», skriv Kristofer Uppdal i fyrste bind av Dansen gjenom skuggeheimen. Kroppen er arbeidaren sin viktigaste reiskap, ja, langt på veg ein føresetnad for at den einskilde arbeidar skal overleva i arbeidarklassen. Me ser på korleis arbeidarlitteraturen skildrar arbeidarens kropp, og korleis kroppsskildringane seier oss noko om arbeidarklassens liv og tilhøve. Ingrid Nestås Mathisen disputerer i vår på ei avhandling om Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals arbeidarlitteratur. No jobbar no som høgskulelektor ved NLA Høgskolen.