Bobcast
#138: Årets festspilldikter Brit Bildøen
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editor: Podcast
- Duración: 0:49:31
- Mas informaciones
Informações:
Sinopsis
Bildøen er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga «Bilde av menn», og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Ho er mellom anna Patti Smith sin norske omsetjar. Bildøen sjølv er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for «Sju dagar i august» (2014). Med boka «Sju dagar i august» var ho den første norske forfattaren som skreiv skjønnlitterært om 22. juli. Haustens roman, «Tre vegar til havet», som har bakgrunn i Bildøen sin eigen adopsjonsprosess, har hausta strålande meldingar frå eit samla kritikarkorps, og blir av mange omtalt som hennar beste roman hittil. Her kan du høyre Bildøen i samtale med Ingrid Nestås Mathisen. Mathisen jobbar ved NLA Høgskolen og har nyleg avlagt PhD i nordisk litteratur ved UiB.