Bobcast

#93: Litterær lunsj med Siri Økland

Informações:

Sinopsis

«Å vera tett på døden er å vera tett på livet». Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet – og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydelegare fram. Siri Økland samtaler her med Alf Kåre Blindheim fra Bergen Off. Bibliotek.