Bobcast

Akademisk Lunsj - Gunnar Skirbekk om religion i moderne samfunn

Informações:

Sinopsis

Foredrag ved Gunnar Skirbekk. Han er ein velkjend filosof, og skriv i boka "Religion i moderne samfunn" om nokre av dei mest omdiskuterte tema her i landet i dei siste åra. Første del handlar om forholdet mellom vitskap og religion, i eit vitskapsteoretisk perspektiv. Andre del handlar om religion og ytringsfridom, slik det ter seg i moderne rettsstatar. Tredje del handlar om religion og religionspolitikk i moderne og generøse velferdsstatar. Fjerde og siste del drøftar eit par aktuelle bidrag i diskusjonen om religion i moderne samfunn, nemleg Jürgen Habermas’ bokverk frå 2019 og ei bok om islam av den tyrkisk-­amerikanske samfunnsvitaren Ahmet T. Kuru.