Folk & Dyr

Hubroen hekkar!

Informações:

Sinopsis

Hubroen hekkar! Med gode øyre og skarpt blikk angrip hubroen lydlaust og overraskande. Han et det meste, men likevel klarar han seg knapt. For sjølv om vindkraftutbygginga i Solund vart avverja ved folkeavrøysting, er òg vanlege høgspentliner ei dødsfelle for ein fugl med stort vengespenn. Og sjøen som matfat er knapt å regne med. Men akkurat kor dei hekkar er ein løyndom, og kanskje er det like bra, for hubroen sin grøssande låt skremmer både menneske og dyr. Medan sjøfuglbestanden går dramatisk nedover, er det ei lita oppgang å spora i talet på hekkande hubro i øysamfunnet Solund. Her dukka plutseleg den største uglearten vår opp for tre år sidan etter mange års fråvær, fortel sauebonde og barnehagelærar Nils, som er ein av dei som held teljinga med bestanden. Som leiar av fylkeslaget av Norsk Ornitologisk Forening er Nils uroa for fugl generelt, og saman med andre gjer han ein stor innsats for å registrera bestanden.