Litteratursymposiet I Odda

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editor: Podcast
  • Duración: 3:12:02
  • Mas informaciones

Informações:

Sinopsis

Littsympodkast er Litteratursymposiet i Odda sin eigen podkast.Litteratursymposiet i Odda - ja, det er eit årleg litterært gilde dei siste 5 dagane i veke 41.Velkomen skal du vera!

Episodios

  • HJELP - Forfattar les deg i svevn

    15/10/2016 Duración: 29min

    Treng du hjelp til å sove betre? Flaks for deg at forfattar Eivind Hofstad Evjemo sitt med boka si "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet" i fonget, og har tatt fram den mjuke kveldsrøysta for å lese deg inn i svevnen og ut i ei verd av drøymer.

  • HJELP - Born anbefaler bøker

    15/10/2016 Duración: 05min

    Er du eit born og lurer på kva du skal lese? Då er det berre å trykke på play, så kan du høyre kva for bøker andre born anbefaler deg å låne på biblioteket.

  • HJELP - Sjølhjelpsforfattar hjelper podkastmakar opp på beina att

    15/10/2016 Duración: 13min

    Det er på tide å krype til korset. Podkastmakar Tine Eide held på å bli desillusjonert og bitter. Ho treng hjelp. Heldigvis finst sjølvhjelpsforfattar Heidi Torkildson Ryste, som kan hjelpe kven som helst til å hjelpe seg sjølv.

  • HJELP - Sparebanken Vest les dikt av Jon Hjørnevik

    14/10/2016 Duración: 08min

    Sparebanken Vest sponsar Litteratursymposiet. Men ikkje berre har dei skilling. Dei har også ein favorittdiktar. No har dei samla seg på møterommet for å gi deg dei beste dikta av Hjørnevik.

  • HJELP - Ein filosof pratar om hjelp

    14/10/2016 Duración: 12min

    Kvifor er det så vanskeleg å dele av godane sine? Og kva er det som gjer at dei som har minst hjelp mest? Godt at filosof Øyvind Kvalnes eksisterar og kan fortelje om det eine og det andre ein kan lure på om hjelp.

  • HJELP - Folk i Folkebadet pratar om hjelp

    14/10/2016 Duración: 09min

    Kvifor er det så godt å hjelpe, men så vanskeleg å spørje om hjelp? Tankar og folk flyt i Folkebadet.

  • HJELP - Upubliserte forfattarar les upublisert tekst

    13/10/2016 Duración: 11min

    Upubliserte forfattarar frå Skrivekunstakademiet i Bergen les tekstane sine rett inn i øyra dine. Berre trykk på start.

  • HJELP - Folk på Bokko-tunet anbefaler bøker

    13/10/2016 Duración: 03min

    Treng du eit boktips? Fortvil ikkje, for folk på Bokko-tunet står deg bi og tipsar deg om bok, blogg og sjanger.

  • HJELP - Ungdom anbefaler bøker

    13/10/2016 Duración: 03min

    Treng du gode lesetips? Fortvil ikkje, undommane i Odda hjelper deg.

  • HJELP - Hans Kristen Hyrve og den flørtete selvfølelsen

    07/10/2016 Duración: 29min

    HJELP! Kvardagane til Hans Kristen Hyrve er fulle av lyd. Mykje lyd. På radio, i podkast eller for teater. Men når han legg frå seg dagsverket drøymer han om å vera sjølvsikrare og ha glimt i auget. Flaks for Hans Kristen at hjelpa er nær og at podkastmakar Tine Eide veit råd. Mange råd. Vil du møte lydkunstnaren og høyre han live, finn du Hans Kristen Hyrve på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.

  • HJELP - Flu Hartberg og akustikkplatene

    26/09/2016 Duración: 34min

    HJELP! Til vanleg brukar Flu dagane på å teikne. Men no har han starta podkast på lunsjrommet, og akustikken gjer ikkje jobben enkel. Heldigvis har Flu akustikkplater han kan henge opp. Uheldigvis har han berre to hender. Flaks at tema for Litteratursymposiet i Odda er hjelp, og at han derfor kan få så mykje hjelp han berre drøymer om av podkastmakar Tine Eide. Vil du høyre og sjå Flu Hartberg i aksjon, finn du han på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.

  • HJELP - Anne Oterholm og middagsbesøket

    24/09/2016 Duración: 31min

    HJELP! Vanlegvis skriv Anne bøker, men i dag får ho gjestar. Og korleis skal det gå når golvet ikkje er vaska og maten ligg som ingrediensar i kjøleskåpet? Flaks at ho kan få hjelp til alt ho måtte drøyme om av podkastmakar Tine Eide. Vil du møte Anne Oterholm og lære deg å bli ein betre lesar? Da finn du ho på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.