Skimtvis

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editor: Podcast
  • Duración: 2:21:28
  • Mas informaciones

Informações:

Sinopsis

Eg heiter Kristian Hus, og eg snakkar med folk frå Kvinnherad og omegn som har noko å fortelja. Sjå meir på www.skimtvis.net

Episodios

  • 03 Karoline Røsland

    13/01/2019 Duración: 29min

    Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt. Les meir på https://skimtvis.no/lyd/2017/1/25/eit-langt-liv-p-kaldestad

  • 02 Birgit Boland

    13/01/2019 Duración: 19min

    Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Les meir på https://skimtvis.no/lyd/2015/7/30/eit-langt-og-allsidig-liv

  • 16 Terje Fjellhaugen

    17/12/2018 Duración: 20min

    http://skimtvis.no/lyd/2018/12/17/terje-fjellhaugen – Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels tilsette. Bakgrunnen for oppseiinga var at det var for kaldt til å driva med støyping, vinteren var på veg. Ei tid etter dette reiste han til hovudstaden for å starta på eit nytt liv.Tjerand hadde forlete det han eigde på Borgundøy etter at dyrevernnemnda i 1972 hadde teke ifrå han alle sauene hans. Dette må ha gått så hardt inn på han at det ikkje var anna utveg enn å røma derifrå. Men kvifor han, som det naturmennesket han var, valte å reisa til ein storby, er meir enn vanskeleg å forstå. Kanskje var det fordi han var i ein så fortvila situasjon? Han hadde mista jobben på anlegget i SKL og på Aske var det ikkje ein einaste sau igjen. Han stod på bar bakke, så å sei

  • 15 Torleiv Sydnes

    05/12/2018 Duración: 33min

    Torleiv Sydnes i samtale med Kristian Hus. Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var på ingen måte ein villmann, slik vi tolkar ordet. Det fortel Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine eigne meiningar om. Les meir på http://skimtvis.no/lyd/2018/12/5/levde-eit-villmannsliv-ltbrgtmen-var-ingen-villmann

  • 14 Bjarne Kaldestad

    06/05/2018 Duración: 39min

    – Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han. Bjarne er fødd og oppvaksen på Kaldestad, og her håpar han å få bu til sin døyande dag. Eit liv på ein institusjon ser han ikkje for seg. Kona er nokre månader eldre; ho blir 95 år til hausten og virkar minst like sprek som den litt yngre ektemannen. No har dei to levd ilag i snart 70 år, i huset som Bjarne fekk bygd før han gifte seg med Edith frå Røssland. Slik kunne det vera på den tida; hus og heim og ingen barn før ein flytte i hop. I dag gler dei to seg over at livet har gitt dei tre barn, sju barnebarn og fem oldebarn.