Kom Heimatt, Gut!

Informações:

Sinopsis

Podcasten til forestillinga «Kom heimatt, gut!», av og med Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland. Produsert av Mariell Øyre (http://hjartesmil.com).

Episodios

  • 6. - Premierepodden

    03/12/2015 Duración: 09min

    I premierepodden får de bli med oss på veg mot Åmot Operagard, der startskuddet gjekk søndag kveld. Me snakkar om kor mange sveler ein eigentleg treng, de får høyra klipp frå både øving og sjølve forestillinga, og spenninga er til å ta og føla på.

  • 5. - Prøveperiodepodden!

    22/11/2015 Duración: 37min

    Bli med inn på prøvesalen (spisestova) i Gamlahuset, der Fredrik og Jostein arbeider dag og natt med å få Kom heimatt, gut! ferdig til premiera på søndag! Men fyrst: Korleis klarte Fredrik å gå av bussen på feil stopp? Og kva er det han har i den enorme posen frå NMS i Førde?

  • 4. - Det raudgrøne, sosialkommunistiske fylket

    09/11/2015 Duración: 24min

    Mariell og Jostein er på bryllaupsreise og podkastar frå Lucca i Toscana. Fredrik, på den andre sida, har bussa rundt heile det Indre austlandsområdet på jakt etter plakatsylindrar. Og han fortel at Kom heimatt, gut! har fått sin fyrste netthatar! Han heiter Jarle.

  • 3. - Tosca betyr jo faktisk 'død' på italiensk

    28/10/2015 Duración: 31min

    I den tredje episoden av Kom heimatt, gut!-podkasten pratar Fredrik og Jostein med produsent Mariell Øyre om skriveprosessen, den store dramatikken og Jostein sitt behov for tvisynte karakterskildringar. Dessutan får du høyre utdrag av ein herleg samtale frå når dette stykket berre var eit lite idèfrø!

  • 2. – Feil å tenkje at viss du forlèt byen, seinkar du ambisjonen

    21/10/2015 Duración: 20min

    I den andre episoden av Kom heimatt, gut!-podkasten pratar Fredrik og Jostein med produsent Mariell Øyre om mellom anna skilnadene mellom arbeidsmetodane deira, dei ulike kreative tradisjonane dei kjem ifrå og om dei eigentleg trur dei blir klare til premieren. Dessutan utfordrar Mariell dei på om dei ser på det som eit nederlag å flytte heim.

  • 1. – Det er viktig å gjere noko konkret på heimplassen

    14/10/2015 Duración: 33min

    I den fyrste episoden av Kom heimatt, gut!-podkasten pratar Fredrik og Jostein med produsent Mariell Øyre om mellom anna bakgrunnen for verket, forholdet til heimstadene og korleis ein opplever det å spele teater for berre sju frammøtte i Flora samfunnshus.