Over Telefonen Med Myklebust Komikkment

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editor: Podcast
  • Duración: 2:08:51
  • Mas informaciones

Informações:

Sinopsis

Roy Aron Myklebust (39) er ein komi-kar frå Stryn. Journalist i lokalavisa Fjordingen til kvardags og revyentusiast og humorist til fest.

Episodios

  • 3. Revypodden med Tommy Berg

    24/10/2022 Duración: 46min

    Tommy Berg frå Altarevyen har vunne på Høylandet med både monolog, sketsj og songnummer. Mange hugsar han nok frå innslaget Russisk eventyr, frå 2011, der han går Harald Heide Steen jr. ein høg gong! Han er kjent for sin leikne stil på scena og storkosar seg når det surrealistiske blir kombinert med litt meir alvorlege undertonar. Bli betre kjent med fembarnsfaren, finansrådgjevaren, fylkestingpolitikaren - og ikkje minst revyskodespelaren Tommy Berg!

  • 2. Revypodden med Ole "Ferjedirigenten" Bergesen

    13/10/2022 Duración: 34min

    Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum og vann fleire prisar. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år, før han gav seg etter denne sesongen.

  • 1. Revypodden med Harald Morten "Vikar'n" Bremseth

    04/10/2022 Duración: 47min

    Roy Aron B. Myklebust ringer ein av dei mestvinnande frå Høylandet. Harald Morten Bremseth er rørleggaren frå Stjørdal som er viden kjent for karakterar som "Vikar'n", "Skihoppar'n" og Anna Bola. Han debuterte i NM revy på Høylandet i 1993, og var sentral i Lånkerevyen gjennom 30 år. I dag er han del av trioen Kveli Rånes Bremseth, og turnerer store deler av landet.